European Union External Action

Europeiske impulsar for å utvikle gode innovasjonsnettverk i distrikta

24/05/2019 - 14:05
News stories

Bilete frå Kick-Off for prosjektet våren 2017, på Fosshaugane campus i Sogndal.

Interreg Europe er EU sitt program for å støtte samarbeid på tvers av landegrensar mellom kommunar, regionar og nasjonale myndigheiter på tvers av landegrensar. Slik kan dei finne saman med andre kommunar eller regionar i andre land med same type utfordringar, og saman finne løysingar og lære av kvarandre.

 

Eit eksempel på et slikt prosjekt er P-IRIS i Sogn og Fjordane. Prosjektleiar Ingvild Andersen og fagkoordinator i nærings- og kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune Lars Hustveit fortel oss meir om kva prosjektet inneber.

 

Kva er bakgrunnen for dette prosjektet?

 

«Klyngetenkinga er utvikla i miljø i dei store universitetsbyane. Det norske klyngeprogrammet har ikkje passa våre miljø så langt. Både Sogn og Fjordane fylkeskommune og dei næraste samarbeidspartnarane våre kom til ei erkjenning av at vi må lage våre eigne modellar, tilpassa distriktsområde. Og vi må utvikle ferdigheiter i det å initiere, utvikle og omstille arbeidet i innovasjonsnettverk slik at desse fungerer hos oss», fortel dei.

 

Kvifor passa Interreg Europe?

 

«Interreg Europe har som mål å styrke regionane si evne til å setje utviklingsplanar ut i livet. Dette passa oss. Vi kunne arbeide med å forbetre vårt eige arbeid», fortel Lars Hustveit i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Lars hadde ei tid ansvar for samarbeid med Forskingsrådet om mobilisering til forsking og innovasjon i næringslivet. 

 

«I dette arbeidet utvikla vi ei verktøykasse for strategisk arbeid med innovative nettverk.  Denne ynskte vi å teste. Samstundes ville vi bruke tid på å utvikle ferdigheiter i bruken av verktøya. Med Interreg Europe kunne vi oppnå det. Her kunne vi teste ideane våre saman med partnarar frå andre distriktssamfunn i Europa.» 

 

Prosjektet Policies to improve rural areas' innovation systems by professionalising networking activities and use of innovation tools (P-IRIS) vart dermed utvikla og oppnådde finansiering. 

 

Kva kan de få ut av prosjektet?

 

Prosjektet varer i 4,5 år og har partnarar frå Mellomste Østerbotten i Finland, Burgos i Spania, Heart of Slovenia, Milano i Italia (som arbeider med dalføret Val Camonica) og Primorje Gorski kotar frå Kroatia.

 

Prosjektleiar Ingvild Andersen fortel at de studerer gode døme frå regionane vi arbeider saman med.  «Skal vi trekke fram eit døme, så må det vere test- og demonstrasjonsanlegget partnarane våre i Slovenia synte oss» fortel Ingvild. Vi hadde med oss rektor frå Fagskulen i Sogn og Fjordane og ein næringslivsleiar. Her fekk vi sjå noko av det vi sjølve ynskjer å få til i Førde; gode fasilitetar der entreprenørar kan arbeide praktisk med innovasjonane sine.

 

Kvifor arbeide saman med regionar i andre land?

 

«Dømet frå Slovenia illustrer poenget.  Vi reiser ut for å få nye impulsar.  I Milano er dei opptekne av samarbeidet mellom by og omland.  Dette skal dei presentere for oss i juni.  Interreg Europe tilbyr også samlingar kalla Policy Learning Platform.  Vi lærer såleis også frå andre prosjekt som arbeider med innovasjon og innovasjonssystem i distriktssamfunn.» seier dei.

 

Kva skjer vidare?

 

«Frå 1. juli 2019 går vi over i siste fase av prosjektet der vi har to år til å setje ny lærdom og nye idear ut i livet.  I Sogn og Fjordane vil vi forbetre verktøykassa og arbeide med å utvikle kompetanse og nye løysingar for effektivt samarbeid mellom utdannings- og forskingsmiljø, næringslivet og oss i forvaltninga.  Nokre av partnarane våre vil utvikle inkubator-tenester med inspirasjon mellom anna frå oss.» avsluttar dei.

 

Finn ut meir om prosjektet på : https://www.interregeurope.eu/p-iris/

 

Bilete frå studieturen til Slovenia

Bilete frå studieturen til Slovenia

Editorial Sections: